Unikt og opplevelsesrikt!

Unikt og opplevelsesrikt!

Setesdal | Kulturnè | Buss | Risdal Touring

KUN 1.395,- per pers.
Når
Lørdag 18. juni 2022
Antall dager
Dagstur med mye inkludert
Avreise fra
Farsund i vest og Brokelandsheia i øst
Reisen er overstått!

Tradisjonell verdskultur!

Setesdal, midt i hjartet av Agder, er ikkje berre kjende for majestetiske fjell, gamal byggjeskikk, vakre bunadar og rike tradisjonar. Stev, dans og spel har fått plass på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv. Setesdølane er stolte av sin levande folkemusikk-tradisjon og sterke kulturidentitet.

Heime på gardstunet!

Inger Lise Stulien – kjend og allsidig artist, på Syrtveit, fekk idéen under pandemien. Då artistane ikkje kunne reise ut på turné, la vi til rette for at publikum kunne kome til artistane. Saman med Risdal Touring blei Setesdal Kulturné til, for at du skal få oppleve eit rikt mangfald; høyre variert musikk, smake kortreist mat, beundre kunst og handverk, kjenne lukten av sau, sjå vakker natur og tradisjonell arkitektur.

Unike kulturopplevingar oppover dalen!

Frå din heimstad, til artistane sin heimstad, fraktar me deg trygt i buss! Setesdal har vore ein kreativ dal gjennom alle tider. Artistar og musikarar har slått seg ned og funne sitt kunstneriske uttrykk både ved og utanfor setesdalskulturen. Den gode historien og dei artige, små forteljingane om folk og personlegheiter, og om myter og segner, vil me prøve å gje deg i ein attraktiv
opplevingspakke. Ein lokalkjend guide vil følgje bussen under reisa.

 

 

Tagger:, , , , , ,

På tur opp Setesdalen

Program for dagen

Lørdag 18. juni 2022

Velkomen til ein innhaldsrik dag med mange opplevingar!

Våre bussar startar i vest (Farsund) og i aust (Gjerstad) med påstigningar undervegs. Det blir lagt opp til fleire bussar og avgonger om påmeldingane tilseier det. Dei som vil, kan og møte hos Risdal Touring AS på Evjemoen og reise vidare med buss.

Sørfrå blir fyrste stoppen hos Inger Lise Stulien på Syrtveit. Med sauer på beitet ønskjer ho og familien deg velkomen til gards med heimebakst, vakre toner og raus gjestfriheit. Ho held konsert for deg saman med hennar musikarar, Knut Kjetil Møen på gitar og Kim Roger Larsen på piano. I nystova er salsutstilling av setesdalsinspirert kunst og design. Lise Stubbings er designeren bak setesdalskjolane. Måleri av kunstnaren Dag Telhaug og litografi av kunstnaren Mona Ida. I år har endå ein lokal kunstnar kome til; Olaug Åsen frå Bygland. Ho vil også stille ut sine bilete på Syrtveit.

Etnolog og spelemann, Gunnar Stubseid, inviterer oss inn på sitt vakre Setesdalstun på Helle i Hylestad. Han har stor interesse for gamle hus og veit å ta vare på bygningane på garden. Han vil fortelje om gamle tradisjonar, og vil spele ein slått for deg på hardingfela si, som han trakterer framifrå.

Me må innom Gomes hus på Nomeland. Ein enkel og liten gardsbutikk der det meste er heimelaga. Her blir det demonstrasjon innen ulike tradisjonshandverk i tunet. Lokale
bakstekoner vil sitje å bake brød og ha utsal av lefser. Utandørs blir det oppvisning med gjeterhund og du kan titte innom eit stabbur frå 1349.

Sylvartun vil du treffe kvedardronninga, Kirsten Bråten Berg . Ho er folkemusikar, sylvsmed og blei utnevnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats som kunstnar og kulturformidlar. Ho syr saman eit UNESCO-program saman med fleire utøvarar frå dalen. Her får du oppleve ekte folkemusikktradisjon av dyktige kulturberarar, deriblant spelemann Daniel Sandén Warg.

Nyheit i år er at me har ein stopp i Valle. Her har me lagt inn eit besøk hos sylvsmedane på Fossensylv (Hasla). Der får me  sjå produksjon av bunadssylv og andre moderne smykke. Du får og høve til å gå innom Setesdal Husflid og sjå mykje flott handarbeid.

Midt i Valle sentrum ligg Bergtun Hotell med sitt spiseri og galleri av lokale kunstnarar. Her blir det servert deilig, varm lunsj. Eit kortreist og tradisjonsrikt måltid i hyggjeleg atmosfære. Dei som reiser i juni får her oppleve eit humoristisk innslag av Thor Åmli frå Valle. I august har me eit musikalsk innslag av Vetle Tveiten Hoslemo frå Bykle som vil kveda for oss.

God fornøyelse!

 

 

UK flag | German flag