Ein unik opplevelse!

Ein unik opplevelse!

«Jol på Syrtveit» | SHUTTLEBUSS alle dagar | Risdal Touring

KUN 590,- per pers.
Når
8., 9. og 10. desember 2022
Antall dager
Dagsturer
Avreise fra
Evjemoen/ Evje sentrum
Reisen er overstått!

Shuttlebuss med påstigninger på Evje!
Barnebillett opptil 12 år! (se priser)

«VELKOMEN HEIM TE JOL!» seier den kjende sørlandssongaren Inger Lise Stulien med sitt hjartelege smil. Vi i Risdal Touring er glade for det gode samarbeidet vi har fått til og gler oss stort til å vise gjestane våre den vakre heimen der ho bur saman med familien sin. Her vil du garantert få kjenna på den gode jolestemninga. Inger Lise er veldig glad i jola, og joletradisjonane er noko ho veit å ta vare på. I Nystova på garden, vil ho halde jolekonsert for gjestane. Du vil få servert kaffi og få ein smak av jolebaksten hennar. På gardstunet er det skipa til stemningsfull jolemarknad, med mange lokale utstillarar med eit variert vareutval.

GOD TRADISJONSRIK JOLESTEMNING!

 

Tagger:, , , , ,

PROGRAM FOR DAGEN:

Tur opplegg

Velkomen til ei god førjolsstemning!

Det blir jolekonsert i Nystova på Syrtveit med servering av heimebakst og kaffi, samt salsutstilling av kunst; måleri og litografi. I det nye stabburet på garden blir det tekstilutsal av designklede inspirert av Setesdalskofta, med meir.

På gardstunet blir det jolemarknad for gjestane og god tradisjonsrik jolestemning og tende ljos. Du får servert varm gløgg og pepperkaker. Rundt bålpanne, faklar og joletre ventar lokale nisjeprodusentar med kortreiste jolegåveidèar.

Hos utstillarane i jolemarknaden kan du mellom anna finne: Diverse heimelaga mat og jolebakst; småkaker, kransekaker, lefser, flatbrød, dekorbrød, moltesylt, honning, salte mandlar og sirup med meir. Dørkransar og trearbeid. Ulike tekstilar innan sying, hekling og strikking, bivoks-produkt, ullskinnfell, lykter, hand-støypte ljos, smijernstake, sauebilete, såper, tenn-brikettar, heimestrikka sokkar, tova sitjeunderlag og sitjeunderlag av saueskinn, vesker og votter, gryteklutar, nissar og englar med meir.

Risdal Touring vil frakte publikum til og frå «Jol på Syrtveit».  Du parkerer på Evjemoen v/ Risdal Touring eller påstigning bussholdeplass på Evje og bli med bussen til Syrtveit for jolekonsert og jolemarknad, uten middag. Om du kjem åleine, eller har med deg familie, vener eller kollegaar, så vil dykk kunne hyggje dykk i koselege omgjevnader med god tradisjonell jolestemning og varm gjestfriheit.

VELKOMEN TIL GARDS!

 

PRIS OG ANNEN INFORMASJON

TURPRIS

Kr 590,- per person (over 12 år)

Kr 200,- per barn i barneskulealder (opptil 12 år)

Arrangementet inkluderer:

Jolekonsert i Nystova hos Inger Lise Stulien

Joleboder med salsvarer på Syrtveit

God stemning og hyggjelege omgjevnader

Kulturelle opplevingar

Erfaren sjåfør og heilturistbuss

Alle vegavgiftar og bompengar

 

Konsertbillett, parkering på Evje/ Evjemoen og buss til Syrtveit (middag ikkje inkl.)

 

Atterhald om skrivefeil og endringar som følgje av omstende utanfor vår kontroll.

 

Bilder til inspirasjon:

UK flag | German flag