Konsert, salgsboder, buss Evje/Syrtveit

Konsert, salgsboder, buss Evje/Syrtveit

Familiepakke | Buss fra Evje | jol på Syrtveit | Risdal Touring

KUN 590,- per pers.
Når
9. - 12. desember 2021
Antall dager
Dagsturer
Avreise fra
Evjemoen og Evje Rutebilstasjon
Bestill

Torsdag 9/12, fredag 10/12 lørdag 11/12 og søndag 12/12

» VELKOMEN HEIM TE JOL! » seier den kjende sørlandssongaren Inger Lise Stulien med sitt hjartelege smil. Vi i Risdal Touring er glade for det gode samarbeidet vi har fått til og gler oss stort til å vise gjestane våre den vakre heimen der ho bur saman med familien sin. Her vil du garantert få kjenna på den gode jolestemninga. Inger Lise er veldig glad i jola, og joletradisjonane er noko ho veit å ta vare på. På gardstunet er det skipa til jolemarknad, der finn du mange lokale utstillarar med eit variert vareutval. På veg opp vil vi ha påstigning også på Evje rutebilstasjon.

Velkomen på tur med oss!

Familiepakke (2 voksne + 2 barn) inkluderer buss fra Evjemoen eller Evje rutebilstasjon til Syrtveit:

Kr 890,- per familie (uten middag og konsert)

 

 

Tagger:, , , , , , , ,

PROGRAM FOR DAGEN:

Tur opplegg

Velkomen til ei god førjolsstemning!

På gardstunet blir det jolemarknad for gjestane og god tradisjonsrik jolestemning og tende ljos. Du får servert varm gløgg og pepperkaker. Rundt bålpanne, faklar og joletre ventar

lokale nisjeprodusentar med kortreiste jolegåveidèar.

Hos utstillarane i jolemarknaden kan du mellom anna finne:

Diverse heimelaga mat og jolebakst; småkaker, kransekaker, flatbrød, dekorbrød, lefser, moltesylt-og gelè, honning, salte mandlar og sirup m.m. Ulike tekstilar innan sying, hekling og strikking, bivoksprodukt, skinn og garn, gran- og konglekransar, sølvsmykker og bunadssølv, lykter, handstøypte ljos, smijernstake, sauebilete, såper, heimestrikka sokkar, tova sitjeunderlag og sitjeunderlag av saueskinn, vesker og votter,

porselensmåling, gryteklutar, joletre av edelgran, dørkransar, trearbeid, og diverse joleprodukt; nissar og englar. Det blir og høve til å ta årets jolekortbilete. Kan hende nissen og kjem!

Risdal Touring vil frakte publikum til og frå «Jol på Syrtveit».

Vi legg opp til ei førjolsstund for bedrifter, vener, familie-samlingar og pensjonistar i koselege omgjevnader med god tradisjonell jolestemning og varm gjestfriheit.

 

 

Tilleggs informasjon:

Torsdag 9. desember

Fredag 10. desember

Laurdag 11. desember

Søndag 12. desember

Buss frå Evjemoen, via Evje rb.st. og retur frå Syrtveit kvar time

Torsdag og fredag frå kl 16.15
Laurdag og søndag frå kl 14.15

Arrangementet inkluderer:

* Transport fra Evjemoen og Evje rutebilstasjon

* Juleboder med salgsvarer på Syrtveit

* God stemning og hyggelige omgivelser

* FAMILIEPAKKE 2 voksne og 2 barn (uten middag og uten konsert)

KR 890,-

Med forbehold om skrivefeil og endringer som følge av forhold utenfor vår kontroll.

 

 

Bilder til inspirasjon:

UK flag | German flag