Ein unik opplevelse!

Nissen ønsker velkommen til Jol på Syrtveit
Ein unik opplevelse!

«Jol på Syrtveit» | Shuttlebuss | Risdal Touring

«VELKOMEN HEIM TE JOL!» seier den kjende sørlandssongaren Inger Lise Stulien med sitt hjartelege smil. Vi i Risdal Touring er glade for det gode samarbeidet vi har fått til og gler oss stort til å vise gjestane våre den vakre heimen der ho bur saman med familien sin. Her vil du garantert få kjenna på den gode jolestemninga. Inger Lise er veldig glad i jola, og joletradisjonane er noko ho veit å ta vare på. Ho vil i år halde jolekonsert for gjestane saman med Arthur Stulien. Også nytt i år er eit spektakulært 3D-mapping show! Du vil få servert kaffi og få ein smak av jolebaksten hennar. På gardstunet er det skipa til stemningsfull jolemarknad, med mange lokale utstillarar med eit variert vareutval.

GOD TRADISJONSRIK JOLESTEMNING!

Tagger:, , , , , , , ,

PROGRAM FOR DAGEN:

Turopplegg

Velkomen til førjolsstemning!

Det blir jolekonsert med servering av heimebakst og kaffi. I år har Inger Lise med seg nevøen sin, Arthur Stulien. Det blir både jolesongar og countrymusikk.

På gardstunet blir det jolemarknad for gjestane og god tradisjonsrik jolestemning og tende ljos. Du får servert varm gløgg og pepperkaker. Rundt bålpanne, faklar og joletre ventar lokale nisjeprodusentar med kortreiste jolegåveidèar. Det blir salsutstilling av kunst; måleri og litografi, og tekstilutsal av designklede og plagg inspirert av Setesdalskofta.

Nytt i år er historieforteljing med moderne teknologi! I eit spektalulært 3D-mapping show vil du få oppleve formidling av kultur, musikk og tradisjon på ein heilt ny måte. Me vil og få eit innslag med folkemusikk og -dans av dei tre borna på garden.

Risdal Touring vil frakte publikum til og frå «Jol på Syrtveit». Med bussavgonger frå Evjemoen og Evje sentrum, kan du bli med på denne førjolsstunda saman med oss. Gode moglegheiter for parkering på Evjemoen og bli med bussen til Syrtveit for jolekonsert og jolemarknad. Middag er ikkje inkludert.

Om du kjem åleine, eller har med deg familie, vener eller kollegaar, så vil dykk kunne hyggje dykk i koselege omgjevnader med god tradisjonell jolestemning og varm gjestfriheit.

VELKOMEN TIL GARDS!

 

PRIS OG ANNA INFORMASJON

TURPRIS

Kr 590,- per person (over 12 år)

Kr 200,- per barn i barneskulealder (inntil 12 år)

 

Arrangementet inkluderer:

– Jolekonsert med Inger Lise og Arthur Stulien

– 3D-mapping show i Nystova

– Joleboder med salsvarer på Syrtveit

– God stemning og hyggjelege omgjevnader

– Kulturelle opplevingar

– Erfaren sjåfør og heilturistbuss

– Alle vegavgiftar og bompengar

 

Konsertbillett, jolemarknad, parkering på Evjemoen og buss til og frå Syrtveit (middag ikkje inkludert).

 

Atterhald om skrivefeil og endringar som følgje av omstende utanfor vår kontroll.

TIDER FOR AVREISE

Evjemoen – konsert kl 16.30 15:55
Evje sentrum rv9 – konsert kl 16.30 16:05
Evjemoen – konsert kl 18.00 16:35
Evje sentrum rv9 – konsert kl 18.00 16:45

Det blir satt opp ekstra bussavgånger dersom påmelding tilseier det.

Bilder til inspirasjon:

UK flag | German flag