Velkomen til førjolsstemning!
Det blir jolekonsert med servering av heimebakst og kaffi. I år har Inger Lise med seg nevøen sin, Arthur Stulien. Det blir både jolesongar og countrymusikk.
På gardstunet blir det jolemarknad for gjestane og god tradisjonsrik jolestemning og tende ljos. Du får servert varm gløgg og pepperkaker. Rundt bålpanne, faklar og joletre ventar lokale nisjeprodusentar med kortreiste jolegåveidèar. Det blir salsutstilling av kunst; måleri og litografi, og tekstilutsal av designklede og plagg inspirert av Setesdalskofta.
Nytt i år er historieforteljing med moderne teknologi! I eit spektalulært 3D-mapping show vil du få oppleve formidling av kultur, musikk og tradisjon på ein heilt ny måte. Me vil og få eit innslag med folkemusikk og -dans av dei tre borna på garden.

Risdal Touring vil frakte publikum til og frå «Jol på Syrtveit». Med bussavgonger frå heile Sørlandet, kan du bli med på denne førjolsstunda saman med oss. Om du blir med på dagstur/ full pakke, hentar vi deg nær der du bur. På veg opp vil bussen ha ein stopp i Evje sentrum for å nyte joletallerken med dessert og kaffe på jolehotellet Dølen. Alternativt kan ein parkere på Evjemoen og bli med bussen til Syrtveit for jolekonsert og jolemarknad, uten middag. Om du kjem åleine, eller har med deg familie, vener eller kollegaar, så vil dykk kunne hyggje dykk i koselege omgjevnader med god tradisjonell jolestemning og varm gjestfriheit.
VELKOMEN TIL GARDS!

TURPRIS
Dagstur kun kr 1.395,- per person
Arrangementet inkluderer:
– Jolekonsert med Inger Lise og Arthur Stulien
– 3D-mapping show i Nystova
– Joleboder med salsvarer på Syrtveit
– God stemning og hyggjelege omgjevnader
– Kulturelle opplevingar
– Jolemiddag m/ dessert og kaffe på Evje
– Erfaren sjåfør og heilturistbuss
– Alle vegavgiftar og bompengar
Shuttlebuss:
Inkludert billett til konsert og jolemarknad, parkering på Evjemoen og buss til og frå Syrtveit: Kr 590,- per person (uten middag) Sjå eigen link for påmelding.
Atterhald om skrivefeil og endringar som følgje av omstende utanfor vår kontroll.
Buss 1 – konsert kl 18.00
Vanse, rutebilgården |
13:05 |
Farsund rb.st. |
13:15 |
Lyngdal Inn |
13:35 |
Vigeland v/ CircleK |
13:50 |
Mandal, Speidertomta |
14:00 |
Søgne, Tangvall bussterminal |
14:30 |
Kristiansand rutebilstasjon |
14:45 |
Vennesla v/ drosjene |
15:10 |
Hægeland v/ Esso |
15:40 |
Evje, middag Dølen |
16:00 |
Buss 2 – konsert kl 16.30
Kragerø, Tangen |
11:55 |
Brokelandsheia |
12:10 |
Vinterkjær |
12:20 |
Grenstøl |
12:30 |
Harebakken |
12:45 |
Grimstad |
13:05 |
Lillesand |
13:20 |
Kristiansand |
13:45 |
Evje, middag Dølen |
15:00 |