«Jol på Syrtveit» | Buss | Risdal Touring

Hjem » Reiser » «Jol på Syrtveit» | Buss | Risdal Touring

DAGSTUR TIL SYRTVEIT

«VELKOMEN HEIM TE JOL!» seier den kjende sørlandssongaren Inger Lise Stulien med sitt hjartelege smil. Vi i Risdal Touring er glade for det gode samarbeidet vi har fått til og gler oss stort til å vise gjestane våre den vakre heimen der ho bur saman med familien sin. Her vil du garantert få kjenna på den gode jolestemninga. Inger Lise er veldig glad i jola, og joletradisjonane er noko ho veit å ta vare på. I Nystova på garden, vil ho halde jolekonsert for gjestane. Du vil få servert kaffi og få ein smak av jolebaksten hennar. På gardstunet er det skipa til stemningsfull jolemarknad, med mange lokale utstillarar med eit variert vareutval.

GOD TRADISJONSRIK JOLESTEMNING!

På veg opp vil vi ta med oss ein stopp i Evje sentrum, der det blir høve til å handle. Det er stort butikkutval og rikt mangfald. Vi skal i tillegg kose oss med nydeleg joletallerken med dessert og kaffe, på den tradisjonsrike kafèen, Pernille, på Evje.

Reisefakta

Når
9. desember 2022
Antall dager
Dagstur
Avreise fra
Vanse/Kristiansand/Kragerø/ Harebakken

Denne reisen har allerede funnet sted