Shuttlebuss med påstigninger på Evje!
Barnebillett opptil 12 år! (se priser)
«VELKOMEN HEIM TE JOL!» seier den kjende sørlandssongaren Inger Lise Stulien med sitt hjartelege smil. Vi i Risdal Touring er glade for det gode samarbeidet vi har fått til og gler oss stort til å vise gjestane våre den vakre heimen der ho bur saman med familien sin. Her vil du garantert få kjenna på den gode jolestemninga. Inger Lise er veldig glad i jola, og joletradisjonane er noko ho veit å ta vare på. I Nystova på garden, vil ho halde jolekonsert for gjestane. Du vil få servert kaffi og få ein smak av jolebaksten hennar. På gardstunet er det skipa til stemningsfull jolemarknad, med mange lokale utstillarar med eit variert vareutval.
GOD TRADISJONSRIK JOLESTEMNING!