Koseleg førjolstur til Evje!

Koseleg førjolstur til Evje!

10.12.20 Fra Vanse | jolestemning | buss | Risdal Touring

KUN 1.290,- per pers.
Når
10. desember 2020
Antall dager
Dagstur
Avreise fra
Vanse/Farsund/Lyngdal Inn/Søgne/Mandal/Kristiansand/Vennesla/Iveland
Bestill

BUSS FRA VANSE

«VELKOMEN HEIM TE JOL!» seier den kjende sørlandssongaren Inger Lise Stulien med sitt hjartelege smil. Vi i Risdal Touring er glade for det gode samarbeidet vi har fått til og gler oss stort til å vise gjestane våre den vakre heimen der ho bur saman med familien sin. Her vil du garantert få kjenna på den gode jolestemninga. Inger Lise er veldig glad i jola og joletradisjonane er noko ho veit å ta vare på. Du vil få servert den heimelaga jolebaksten hennar, og varm drikke. Heime i stova på garden, vil ho halde jolekonsert for gjestane saman med musikarane sine. Det blir ei blanding av både kjende og kjære jolesongar, og eigen komponerte. Under opphaldet kan du også vandre igjennom jolemarknaden på gardstunet, der du finn mange lokale utstillarar med eit variert vareutval. På veg opp vil vi ta med oss ein stopp i Evje sentrum, der det blir høve til å handle. Det er stort butikkutval og rikt mangfald. Vi skal i tillegg kose oss med nydeleg joletallerken med dessert og kaffe, på den tradisjonsrike kafèen, Pernille, på Evje.

Vi set opp fleire bussar, og fordelar våre gjestar etter påstignings stad. Vi køyrer ikkje med fulle bussar. Kun ein buss er på besøk om gongen. Under busstransport, middag, konsert og jolemarknad tek vi sjølvsagt omsyn til gjeldande smittevernreglar. Meldar du deg på aleine får du eit dobbeltsete for deg sjølv, er det 2 gjestar som reiser saman, sit dei saman i bussen. Vi held 1 meters avstand, og har handsprit med oss i bussen. Alle må vere nøye med si handhygiene. Velkomen på tur med oss!

Vi har bussavgonger frå

Kragerø – Brokelandsheia – Risør – Harebakken

Lista – Farsund – Lyngdal – Kristiansand

Grimstad – Lillesand – Kristiansand – Vennesla – Hægeland

Tagger:, , , , , , , ,

PROGRAM FOR DAGEN:

Tur opplegg

Det blir jolekonsert i «Nystova» på Syrtveit med servering av sjølvlaga heimebakst frå stabburet og jolekaker. Der blir det og kunstutstilling og tekstilutsal av designklede. På gardstunet blir det jolemarknad for gjestane og god tradisjonsrik jolestemning. Rundt bålpanne, faklar og joletre ventar lokale nisjeprodusentar med kortreiste jolegåveidèar. Utstillarane i jolemarknaden tilbyr sal av ulik heimelaga mat og bakst, handarbeid, keramikk, trekunst, foto frå Setesdal og diverse joleprodukt for å nemne noko.

Risdal Touring vil frakte publikum i små trygge grupper med buss der smittevernet er godt ivareteke. Bussane køyrer med halv kapasitet for at passasjerane skal bli frakta «korona-trygt», maks 25-30 pr. buss, eller færre om smittevernreglane skulle endre seg i løpet av førjolstida.

Sidan jolebord og jolemesser blir avlyst, kan dette vere ein god «erstattar» for å kome i den rette jolestemninga. Vi legg opp til ei førjolsstund for kollegaar, vener, familiesamlingar, pensjonistar og elles andre som ønskjer å avslutte dette spesielle året på ein triveleg måte. Det blir ei oppleving med varierte inntrykk både for lukt- og smakssansen, øyra og auga, og i koselege omgjevnader med god tradisjonell jolestemning og varm gjestfriheit.

Presentasjon av musikarane:

Knut Kjetil Møen frå Evje, på gitar. Musikalsk samarbeidspartnar med Inger Lise i over 18 år. Knut Kjetil er ein dyktig og allsidig gitarist, og låtskrivar. Knut Kjetil og Inger Lise komponerer mykje musikk saman.

Kim Roger Larsen frå Kristiansand, på tangentar. Dyktig og allsidig pianist og låtskrivar, og har samarbeida med Inger Lise sidan slutten av 90-talet, dei har komponert mange songar ilag.

Begge musikarane er delaktig både instrumentalt og som låtskrivarar på fleire av CD-utgjevingane hennar, og dei var begge med til Nashville nyleg, og bidrog på det nyaste albumet. Dei gler seg til å gjere heimekonsertar hos Inger Lise i nedre Setesdal. Dette er noko heilt nytt, og dei, saman med Inger Lise, vil gjere sitt aller beste for å gje gjestane ei stemningsfull og musikalsk oppleving.

Tilleggs informasjon:

TURPRIS

kun kr 1.290,- pr. person 

  • buss frå Evjemoen og Evje rutebilstasjon  – uten middag kr 750,- pr person

Avreisedatoar: Torsdag 10. og Lørdag 12. desember 2020

Tidspunkt finn du på påmeldingsskjemaet på www.touring.no

Turprisen inkluderer:

¨  Erfaren og dyktig sjåfør og heilturistbuss

¨  Shopping stopp på Evje

¨  Jolekonsert hos Inger Lise

¨  Joleboder med salsvarer

¨  Middag med dessert og kaffe

¨  Alle vegavgifter og bompengar

 

Med eigen bil til Evjemoen og derifrå med buss til Syrtveit kr 750,-

dette inkluderer  buss frå og til Evjemoen, konsert og opplegg på Syrtveit. Middag ikkje inkl.

Atterhald om endringar som følge av forhold utanfor vår kontroll!

 

Bilder til inspirasjon:

UK flag | German flag