Tradisjonell verdskultur og unike kulturopplevingar!
Setesdal, midt i hjartet av Agder, er ikkje berre kjend for majestetiske fjell, gamal byggjeskikk, vakre bunadar og rike tradisjonar. Stev, dans og spel har fått plass på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv. Setesdølane er stolte av sin levande folkemusikktradisjon og sterke kulturidentitet.
Inger Lise Stulien – kjend og allsidig artist, på Syrtveit, fekk idéen om setesdalskultur-turné under pandemien. Då artistane ikkje kunne reise ut på turné, la me til rette for at publikum kunne kome til artistane. På Setesdal Kulturné får du oppleve eit rikt mangfald av unik kultur.
Nytt i år er kvernhuset på Helle som på 70-talet blei solgt til Oslo, og har no kome tilbake til sin opprinnelege plass. Me får også sjå miniatyrmodellen av Setesdal stavkyrkje på Setesdalsmuseet på Rysstad.
Frå din heimstad, til artistane sin heimstad, fraktar me deg trygt i buss! Ein lokalkjend guide vil følgje bussen under reisa.