Velkomen til ein innhaldsrik dag med mange opplevingar!
Våre bussar startar ein i vest (Farsund) og ein i aust (Gjerstad) med påstigningar undervegs. Det blir lagt opp til fleire bussar og avgonger om påmeldingane tilseier det. Dei som vil, kan og møte hos Risdal Touring AS på Evjemoen kl 10.00 og reise vidare med buss. Me følgjer sjølvsagt smittevernreglane som gjeld den aktuelle tida. Reiser du aleine, får du eit dobbelt-sete for deg sjølv. Reiser de saman, kan de sitje saman.
For bussen som kjem sørfrå blir fyrste stoppen hos Inger Lise Stulien på Syrtveit. Med sauer på beitet ønskjer ho og familien deg velkomen til gards med heimebakst, vakre toner og raus gjestfriheit. Ho held konsert for deg saman med hennar musikarar, Knut Kjetil Møen på gitar og Kim Roger Larsen på piano. I nystova er salsutstilling av setesdalsinspirert kunst og design. Lise Stubbings er designeren bak setesdalskjolane. Måleri av kunstnaren Dag Telhaug og litografi av kunstnaren Mona Ida.
Me stoppar innom den sjarmerande festivalbygda Ose. Ose Turistheim oser av tradisjon og reiseminne frå gamle dagar. Den kjende og karismatiske bluesmusikaren, Johnny «Guitar» Augland, held minikonsert og kiosken er open.
Etnolog og spelemann, Gunnar Stubseid, inviterer oss inn på sitt vakre Setesdalstun på Helle i Hylestad. Han har stor interesse for gamle hus og veit å ta vare på bygningane på garden. Han vil fortelje om gamle tradisjonar, og vil spele ein slått for deg på hardingfela si, som han trakterer framifrå.
Nytt i år er Gomes hus på Nomeland. Ein nyoppstarta, enkel og liten gardsbutikk der det meste er heimelaga. Plantefarging av naturmateriale, honning, lys, såper, med meir. I kjellaren blir det utsal av mellom anna gjenbruksmateriale. Ein sylvsmed vil demonstrere laging av søljer og smykker, og utandørs blir det oppvisning med gjeterhund, og du kan titte innom eit stabbur frå 1349.
På Sylvartun vil du treffe kvedardronninga, Kirsten Bråten Berg . Ho er folkemusikar, sylvsmed og blei utnevnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats som kunstnar og kulturformidlar. Ho syr saman eit UNESCO program saman med fleire utøvarar frå dalen – deriblant nye talent som kvedaren Eldbjørg Trydal Rysstad, i tillegg til dansarane Birgit Anette Helle, Lars Rysstad Nordgreen og felespelaren Daniel Sandén Warg . Her får du oppleve ekte folkemusikktradisjon av dyktige kulturberarar.
På Sølvgarden Hotell & Feriesenter på Rysstad blir det servert deilig, varm lunsj for våre grupper. Eit kortreist og tradisjonsrikt måltid i hyggjeleg atmosfære.
Velkomen til ein innhaldsrik dag med mange opplevingar!


