Unikt og opplevelsesrikt!

Unikt og opplevelsesrikt!

Setesdal | Kulturnè | Buss | Risdal Touring

KUN 1.395,- per pers.
Når
Lørdag 21. august 2021
Antall dager
Dagstur med mye inkludert
Avreise fra
Lyngdal i vest og Brokelandsheia i øst
Bestill

Setesdal, midt i hjartet av Agder, er ikkje berre kjende for majestetiske fjell, gamal byggjeskikk, vakre bunadar og rike tradisjonar. Stev, dans og spel har fått plass på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv. Setesdølane er stolte av sin levande folkemusikktradisjon og sterke kulturidentitet.

 

Inger Lise Stulien – kjend og allsidig artist, på Syrtveit, fekk idéen. Når artistane ikkje kan reise ut på turné, må publikum kome til artistane. Saman med Risdal Touring blei Setesdal Kulturné til, for at du skal få oppleve eit rikt mangfald; høyre variert musikk, smake kortreist mat, beundre kunst og handverk, kjenne lukten av sau, sjå vakker natur og tradisjonell arkitektur.

 

Frå din heimstad, til artistane sin heimstad, fraktar me deg trygt i buss! Setesdal har vore ein kreativ dal gjennom alle tider. Artistar og musikarar har slått seg ned og funne sitt kunstneriske uttrykk både ved og utanfor setesdalskulturen. Den gode historien og dei artige, små forteljingane om folk og personlegheiter, og om myter og segner, vil me prøve å gje deg i ein attraktiv opplevingspakke. Ein lokalkjend guide vil følgje bussen under reisa. God fornøyelse!

 

 

Tagger:, , , , , ,

På tur opp Setesdalen

Program for dagen

Lørdag 21. august 2021

Velkomen til ein innhaldsrik dag med mange opplevingar!

Våre bussar startar ein i vest (Farsund) og ein i aust (Gjerstad) med påstigningar undervegs. Det blir lagt opp til fleire bussar og avgonger om påmeldingane tilseier det. Dei som vil, kan og møte hos Risdal Touring AS på Evjemoen kl 10.00 og reise vidare med buss. Me følgjer sjølvsagt smittevernreglane som gjeld den aktuelle tida. Reiser du aleine, får du eit dobbelt-sete for deg sjølv. Reiser de saman, kan de sitje saman.

For bussen som kjem sørfrå blir fyrste stoppen hos Inger Lise Stulien på Syrtveit. Med sauer på beitet ønskjer ho og familien deg velkomen til gards med heimebakst, vakre toner og raus gjestfriheit. Ho held konsert for deg saman med hennar musikarar, Knut Kjetil Møen på gitar og Kim Roger Larsen på piano. I nystova er salsutstilling av setesdalsinspirert kunst og design. Lise Stubbings er designeren bak setesdalskjolane. Måleri av kunstnaren Dag Telhaug og litografi av kunstnaren Mona Ida.

Me stoppar innom den sjarmerande festivalbygda Ose. Ose Turistheim oser av tradisjon og reiseminne frå gamle dagar. Den kjende og karismatiske bluesmusikaren, Johnny «Guitar» Augland, held minikonsert og kiosken er open.

Etnolog og spelemann, Gunnar Stubseid, inviterer oss inn på sitt vakre Setesdalstun på Helle i Hylestad. Han har stor interesse for gamle hus og veit å ta vare på bygningane på garden. Han vil fortelje om gamle tradisjonar, og vil spele ein slått for deg på hardingfela si, som han trakterer framifrå.

Nytt i år er Gomes hus på Nomeland. Ein nyoppstarta, enkel og liten gardsbutikk der det meste er heimelaga. Plantefarging av naturmateriale, honning, lys, såper, med meir. I kjellaren blir det utsal av mellom anna gjenbruksmateriale. Ein sylvsmed vil demonstrere laging av søljer og smykker, og utandørs blir det oppvisning med gjeterhund, og du kan titte innom eit stabbur frå 1349.

Sylvartun vil du treffe kvedardronninga, Kirsten Bråten Berg . Ho er folkemusikar, sylvsmed og blei utnevnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats som kunstnar og kulturformidlar. Ho syr saman eit UNESCO program saman med fleire utøvarar frå dalen – deriblant nye talent som     kvedaren Eldbjørg Trydal Rysstad,  i tillegg til dansarane   Birgit Anette Helle, Lars Rysstad Nordgreen og felespelaren Daniel Sandén Warg . Her får du oppleve ekte folkemusikktradisjon av dyktige kulturberarar.

Sølvgarden Hotell & Feriesenter på Rysstad blir det servert deilig, varm lunsj for våre grupper. Eit kortreist og tradisjonsrikt måltid i hyggjeleg atmosfære.

Velkomen til ein innhaldsrik dag med mange opplevingar!

UK flag | German flag